|
|
 |
|
|
|
|
|
Superfamily klar for UKEN
Det er framleis billetter igjen, så gjer deg klar til super underhaldning under siv.øk-helga.
Julie Vårdal Heggøy
Monday, February 15, 2010
|
 |
|
|
Laurdag 6. mars er det klart for fengande songar og god stemning i Aulaen, då sju kjekke og dyktige menn frå Moss vitjar UKEN.
Kritikarrost band
I haust gav Superfamily ut si tredje plate, ”Guns Tonight”, som har hausta svært gode kritikkar. VG gav plata terningkast seks, og uttalte mellom anna at ” Med sin tredje langspiller klarer de endelig å forene fokuset på hitlåter med et helstøpt album. Resultatet er overveldende. For en plate det har blitt!”.
Og ikkje nok med det. Sidan starten i 2005 har musikarane frå Moss vunne både Spelemannsprisen og to Alaramprisar. Kvaliteten er med andre ord ikkje noko å seie på.
Spesielt sceneshow
I tillegg til å framføre fengande songar, er Superfamily kjende for eit spesielt sceneshow. Med streng regi og eit teatralsk tema gir bandet publikum ei fantastisk oppleving.
Og med kjende songar som ”Let’s Go Dancing”, ”Taxi Dancing” og ”The Radio Has Expressed Concerns About What You Did Last Night” kan ikkje denne konserten bli anna enn fantastisk. Så her er det ikkje noko poeng i å nøle. Har du ikkje billett, skaff deg ein! Dette vil du ikkje gå glipp av!
Her kan du sjekke ut bandet: Superfamily
Billettar kan kjøpast på billettservice
|
|
|
|
|
|
|
|
|