Current Articles | Kategorier | Search | RSS-feed

Kreativt samarbeid

UKEN 08 er glade for innspel frå eksterne bidragsytarar. Studentar ved Norges Kreative Fagskole er mellom dei som den siste tida har vore med på å skape det som skal bli ein fantastisk festival.

Jostein Vinsrygg
Friday, February 08, 2008
 

Foto: Trond Veibust

Det var i haust at lærar Natasha Alijeva ved Norges Kreative Fagskole tok kontakt med UKEN for å prøve å få til eit samarbeid. UKEN har i år auka fokuset på eksterne bidragsytarar, så dette passa bra med målsetjinga om å skape ein meir inkluderande festival for heile Bergen.

Kreativ hjelp med scena
Stina Pedersen og Nathalia Lid Nilsen er to av dei som takka ja til å vere med, og begge jobbar med scenegruppa. Dei er studentar ved ”Interiør 2”-linja ved skulen, og saman med medstudent Synnøve Sandøy har dei vore medhjelpelege med mellom anna utforming og design av scena og fargeval. 

- Det heile har vore ein prosess med jamn progresjon, seier scenegruppa sin leiar Peder Kristian Viervoll. Han er glad for jentene sine kreative innspel, og seier det har vore til stor hjelp. – Det er vanskeleg å sjå detaljar når ein ikkje har utdanning innanfor dette. Det er inspirerande og friskt med innspel frå folk som faktisk studerer design og interiør, seier han.

Jentene er på si side glade over å vere med på laget. – Det er veldig artig, seier Nathalia i det ho svingar målarkosten. Ho legg til at det også er relevant innanfor utdanninga ho tar, og sjølv om dei ikkje får studiepoeng for arbeidet er det i alle fall noko å ha med seg vidare. Ingen av dei har delteke på UKEN tidlegare, men begge er veldig positive til arrangementet. Stina gledar seg mellom anna stort til Jason Mraz-konserten. – Det blir bra, seier ho. Nathalia skal i alle fall få med seg fUKENsjonær-premiera på revyen, og også ho gledar seg – vel vitande om at det er mykje arbeid som gjenstår før denne går av stabelen om knapt to veker.

Står bak design på veggen i trappa
Det er imidlertid ikkje berre scenegruppa som har hatt glede av dette samarbeidet. Dei som har gått ned trappa til Kjellaren i det siste har garantert fått med seg ein estetisk nytelse av dei sjeldne. Trappa er måla og designa av studentar ved Norges Kreative Fagskole, og i sterk konkurranse med andre var det skissene til Terese Høgestøl som vart plukka ut av UKEstyret som dei beste. Ho studerer ved Illustrasjon-linja ved skulen, og saman med medstudentane Veronica Vetaas og Kristin Andersen har ho måla det som er å sjå på veggen i trappa. – Det var veldig kjekt å vere på NHH og måle. Det var mykje liv og røre då vi var der, og vi fekk mange positive tilbakemeldingar, seier ho. Motivet viser UKEfølelse ved konsertar, element frå designprofil, Bergensfølelse og hovudsamarbeidspartnarane for UKEN 08.

UKEN takkar for samarbeidet
UKEN 08 vil på si side nytte høvet til å takke Bergen Kreative Fagskole for eit godt samarbeid, og alle dei som har delteke for god og verdifull hjelp. UKEN hadde ikkje blitt den same utan!