|
|
 |
|
|
|
|
|
re:REVY
Det har lenge vore knytta stor spenning til namnet på UKErevyen 2008. På den storstilte studentgallaen om bord på ”Queen of Scandinavia” måndag vart spenninga endeleg utløyst.
Marta Nevøy Bjørkestrand
Thursday, January 17, 2008
|
 |
|
|
Tekst av Jostein Vinsrygg
Revyen skal heite re:REVY, med undertittelen ”UKEN relanserer revy”. Relansering er blitt eit motebegrep den siste tida. – SAS har relansert service, og no er det altså UKEN som skal relansere revyen, seier instruktørane Yngve Skomsvoll og Nils-Ingar Aadne. Sistnemde presenterte UKErevyen 08 med stand-up for om lag 600 fUKENsjonærar på veg til Newcastle. Det er berre å glede seg!
Premieren på revyen vert torsdag 21. februar, som er åpningsdagen for UKEN 08. Billettar kan kjøpast på www.billettservice.no.
|
|
|
|
|
|
|
|
|